Hilmarfestivalen søker festivalsjef i 100 % stilling

Vår noverande festivalsjef fortset som dagleg leiar og vil gå over til å arbeide meir med strategisk utvikling. Vi er i vekst og søker derfor etter ein festivalsjef i 100 % stilling for snarleg oppstart. Stillinga blir i første omgang lyst ut for ein treårsperiode med mulegheit for forlenging.
Du får ansvaret for å
Leie festivalorganisasjonen, med heile frivilligapparatet
Leie programrådets arbeid
Forhandle med artistar, management og arrangørstader; inngå kontraktar
Relasjonsutvikling overfor sponsorar og andre interessentar
Jobbe med omdømmebygging, marknadsføring, mediekontakt, PR og salg
Samarbeide med nasjonale og internasjonale miljø innanfor immateriell kulturarv og kunst
Arbeide året rundt saman med dei andre tilsette med arrangementsutvikling og prosjekt
Vi ønsker at du har:
Leiarerfaring, gjerne frå ein prosjektorganisasjon og frå arbeid med frivillige
Erfaring, utdanning og nettverk frå tradisjonskultur- og / eller musikksektoren
Erfaring med gjennomføring av festival, større event eller konsertar
Forhandlingserfaring
Erfaring med sponsorarbeid
Kjennskap til folkedans og / eller folkemusikk
God økonomiforståing og gode kommunikasjonsevner
Om arbeidsgivaren
Hilmarfestivalen starta opp i 2003, og gjennom ca. 70 arrangement fordelt på ni dagar får mellom 10 000 – 12 000 publikummarar oppleve folkemusikk og beslekta musikkformer – samt møte dans, litteratur, forteljing, kunst og mat. Dette blir gjort muleg av ein stab på tre og over 100 frivillige. Vi er ein av dei store folkemusikkfestivalane i landet, og har også arrangement året gjennom.
Det er den allmennyttige Stiftinga Hilmar Alexandersen som vart starta opp i 2005 som står bak og eig festivalen. Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar basert lokalt, regionalt og nasjonalt. Stiftinga har som formål å arbeide for immateriell kulturarv og kultur og næring, samt arrangere festivalen og andre arrangement året rundt. Stiftinga er også Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF), vi driv Hilmarscena og HilmArt og er eigar av Hilmar AS: Norway Folk Management.
Vi er koordinator for Fortellernettverket TALE med 20 organisasjonar. Her har vi fått finansiering av eit nytt prosjekt, og det er dette som gjer det muleg for oss å lyse ut denne stillinga.
Vi skal vere med og utvikle regionen og har ambisjonar om å visast betre som nasjonal aktør. I 2023 flyttar vi inn i det nye kulturhuset i Steinkjer saman med andre kulturinstitusjonar og vil få nye moderne fasilitetar å produsere i.
Har du spørsmål, kan du kontakte dagleg leiar Johan Einar Bjerkem (92 84 05 53) eller styreleiar Turid Hofstad (480 41 342).
Stillinga er 100 %. Det kan vere aktuelt å dele stillinga i prosentstillingar. Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: 15. februar
Send søknad med CV til johan.einar@hilmarfestivalen.no